Masse har skjedd sida sist, og eg trur ikkje eg skal ta nåke oppramsing av det, men eg går iallfall fortsatt på sjukepleien og trivast med det:)
I helga har eg vore i Oslo. Fekk bu hos Katarina, og koste meg veldig der:)
Sida eg hadde fri på fredag, reiste eg like godt på torsdag. Flyet skulle gå frå Flesland halv seks, men gikk ikkje før halv åtte!! Sånn går det når det er snøkaos på Gardemoen, og flyet ikkje kom til Bergen før litt før sju...Kjedelig..men men..eg kom meg iallfall fram:)
Fredag reiste vi til sentrum, kor vi traff Irene og Ingrid. Vi gikk på kafè, og sat der ei god stund. Kjempe koselig! Etter kvart kom Isabelle, og vi bevegde oss til ein matbutikk kor vi kjøpte inn til middag. Tilbake i kåken til Katarina, lagde vi heimelaga karbonader og potetstappe frå botnen - sunn versjon, og skikkelig godt:) Seinare hadde vi smoothies som vi drakk med mega-sugerør som vi kjøpte på Søstrene Grene:) Resten av kvelden gikk stort sett med til det store korslaget og prating. Herlig dag - herlige vennar!
Eg er jammen heldig som kan treffe så mange vennar på ei helg!
Søndag blei tilbrakt på bussen heim. Trur eg foretrekke den strekninga på nattestid - blei litt langdrygt i går! No er eg heime i Nordpollen, og skal vere her heile veka:) Ja takk til studieveke!
Neste mandag begynner eg i praksis på barneklinikken i fire veker. Det gledar eg meg veldig til!:) Trur det blir utfordrande, men kjekt!
Skal prøve å komme tilbake med ei oppdatering før det har gått 5 nye månar;)









